Velkommen til Sykkylven kulturskule

Sykkylven kulturskule er ein kommunal kunstskule med musikk, dans, teater og visuell kunst.

Skulen vart oppretta i 1978 og  har i dag 12 lærarar og omlag 230 elevar.  Skulen flytta hausten 2023 inn i heilt nye og tilpassa lokaler ved Aure Barneskule. Her har vi all undervisning utanom dans, som held til på Sykkylven kulturhus.

Skulen gir også tilbodet «Blås i skulen» til alle  3.klassingane i grunnskulen.

Vil du ha plass frå skulestart må du søke før 10. juni.

MEN du kan søke plass gjennom heile skuleåret, og vi set deg på venteliste til det dukkar opp ein ledig elevplass.

DU som har ein elevplass må også huske å reregistrere deg for eit nytt skuleår innan 10.juni.

» Gå til søknadsskjema

Sykkylven kulturskule vil vere eit ressurs- og kompetansesenter som fremjer skaparglede gjennom kunst og kultur. Kulturskulen skal gi opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet til alle born og unge som ynskjer det. Formålet med opplæringa er å lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstneriske uttrykk. Kulturskulen opererer i nært samarbeid med lokalt kulturliv, og er ein sentral del av den samanhengande utdanningslinja som kan kvalifisere elevar med særleg interesse og motivasjon til opptak i høgare kunstfagleg utdanning. Opplæringa skal gi barn og unge danning, fremje respekt for andre kulturar, bevisstgjere eigen identitet, bli kritisk reflekterande og utvikle eigen livskompetanse.

Våre tilbod

 

Dans

Kulturskulen gir i dag tilbod om dans i desse sjangerane; Barnedans for Førskule alder. F.o.m. 1.klasse kan ein melde seg på klassisk/ballett. F.o.m. 1.klasse kan ein melde seg på Hip-hop/Street. F.o.m. 1.klasse kan ein melde seg på Jazzdans. F.o.m. 1.klasse kan ein melde seg på Folkedans. Jazzdans: Dette er ein mangfoldig dansestil og kan vere alt ifrå moderne dans til musikal. Den har tekniske elementer fra ballett men med meir fart og energi og her lærar vi dynamikk, musikalitet, kombinasjoner og bygger styrke og fleksibilitet itillegg til koordinasjon og energi. Klassisk ballett: Dette er grunnteknikken innen all dans og legger teknisk grunnlag for all anna type dans. Det er derfor anbefalt å danse klassisk ballett sjølv om ein vil fokusere på andre dansestiler. Her lærar og jobber vi med styrke, holdning, posisjoner, disiplin, fleksibilitet, musikalitet og danseglede. Hiphop: dette er ein dansestil med dagens musikk eller musikk som hører til hiphop sjangeren. Her jobber vi med koordinasjon, isolasjon av forskjellige kroppsdeler, forskjellige rytmer og musikalitet, trinn, kombinasjoner og sjølvtillit. Barnedans: her lærer barna å danse gjennom leik! Musikk, leik og rytmer er med på å utvikle danseglede og utvikle bevegelsemønster og motorisk utvikling. Dette er til barn mellom 4-5 år som introduksjon til andre dansestiler. Vaksendans: dette passer for alle vaksne, ingen øvre grense og her vil vi variere dansestiler! Danseglede, bevegelse og musikalitet står i fokus. Folkedans; Dette passar for alle aldrar og er ei innføring i folkelege dansetradisjonar som t.d. Ringdansar, songleikar, Reinlender eller polka. Her samarbeider vi med Sykkylven frilynde ungdomslag som hentar inn danselærar.

» Meir informasjon

Nyheiter

Nye tilbod frå hausten 2022.

7. mai 2021

Frå hausten kan du få prøve deg som komponist og arrankør av dine eigne låtar i vårt nye tilbod MUSIKKTEKNOLOGI. Lærar Håkon Knudsen vil lære deg å bruke programmet FLstudio, og gi dine låtidèar eit arrangement, rytme og form. Du må disponere eige nettbrett med headset og ha tilgang på programmet FLstudio.

Vi vil også gi dei yngre barna på 4 og 5 år eit tilbod om musikkleik saman med songlærar Beate B.Kvalsvik. Her får borna synge, danse og trene opp rytme og musikalitet.

Du som er vaksen og saknar eit dansetilbod har no sjansen i vårt nye tilbod Voksendans. Her vil Nadhira og Rodrigue variere mellom dansestilane og gi deg både dansetrening og ein triveleg måte å kome i form på.

For deg som har eit tilbod i kulturskulen har vi PÅBYGGINGSFAG som betyr at songelevar kan velge  «Performancel» som er trening i sceneopptreden og oppsetting av små syngespel.  Du som spelar eit instrument kan melde deg på samspel i «Band». Og dansar du t.d. ballett kan du også velge å trene saman med andre dansegrupper som Jazz og HipHop.  Desse tilleggsfaga gir også 25% rabatt på kontingenten.

» Les meir

Fleire nyheiter

Design og nettløsning: Doghouse